Me har personell med brei erfaring med kan tilby mange ulike utstyrskonfigurasjonar:
Les og sjå meir om dei ulike løysingane våre under her:
Mobile tankar
- Desse tankane er utvikla med tanke på å forbetra fiskevelferd og redusera transportkostnadane for kundane våre.
- Tankane er bygt på rektangulære flater og har eit tankvolum på om lag 2 m3. Under transport står dei festa i ei låse-ramme på vogntoget. Det er til saman 12 tankar fordelt på lastebil og tilhengar.
- Tankane står på ei ramme av aluminium med hol til truck-gaflar. Det er også montert gjennomgåande stag til løfteøyre i toppen, slik at tankane kan løftast med løfteutstyr som truck, frontlastar og kran.
- Med slike tankar kan ein frakta fisk heilt ut til merdkanten ved hjelp av vogntog og sørvisbåt, utan å stressa fisken med omlasting frå tank i bil til tank i båt.
- Ved å bruka lokale sørvis-båtar i kombinasjon med transport over land, kan ein redusera faren for å dra inn smitte til sjø-anlegg.
Yngeltankar
- Dette er spesialtilpassa tankar for skånsam og effektiv transport av yngel og smolt.
- Det er til saman 8 tankar fordelt på lastebil og tilhengar.
- Tankane er konstruert med bakgrunn i vår lange erfaring med transport av yngel, og dei er såleis svært effektive i bruk.
Smolttankar
- Desse tankane har eit stort volum på om lag 15 m3
- Dei er utstyrt med store luker for enkel og skånsam lasting.
- Tankane er inndelt med opne skott slik at fisken ved lasting enkelt vert fordelt utover i heile tankens volum.
- Tankane er utstyrt med store luker for enkel og skånsam lasting.
- Heile tanken kan enkelt lossast gjennom ein ventil i bakkant av tanken.
Thermo skap
- For transportar som er særskilt sårbare for ytre påverknad er våre tankar i thermo-skap spesielt godt eigna.
- Her kan ein styra temperaturen inne i skapet uavhengig av om det er sommar- eller vintertemperaturar ute, og ein kan derfor halda stabile forhold for fisken under heile transporten.
- Tankane er også utstyrt med innvendig lys for å skapa gode tilhøve for fisk som treng lys under transport.
- Ved hjelp av luftfjøring og fall vert fisken enkelt lossa gjennom ein ventil i bakkant av lastebil og hengar.