Om Oss

Jarle Tveiten starta i transportfirmaet til far sin, Sverre Tveiten, i 1987, og han byrja då med transport av levande fisk i tillegg til annan transport.


Jarle overtok etter kvart firmaet, og i 1992 starta han Jarle Tveiten Transport AS. Frå midten av 2000-talet har det meste av verksemda dreia seg om transport av levande fisk.


Firmaet har i dag ein moderne og miljøvenleg bilpark, med det beste av utstyr for å sikra eit godt miljø for fisk under transport. Basen for firmaet ligg i Tørvikbygd i Hardanger.


Me transporterer mange slag fisk i ulike vekstfasar mellom ulike havbruksanlegg i heile Norge, og firmaet har også erfaring med transportar til andre land i Europa.


Med over tretti års transporterfaring frå ein viktig vekstfase i norsk akvakulturindustri, sit firmaet i dag på unik kunnskap om marin dyretransport som me kan tilby dagens havbruksnæring.

Levert av